Vi drog rett av gårde utan å ta frokost på Frankie og Benys denne gangen. Leitte etter frokostplass nær Madam i staden, gjekk i feil retning men fann til slutt ein liten restaurant som kalte seg Holms grill sidan den låg i Bakers street, men egentleg var ein libanesisk restaurant. Grei mat, men det mest minneverdige var da vi gjekk til kassa for å betale, og dei sprang gatelangs for å leite etter det einaste servitøren som enten visste kva vi hadde spist eller kunne betjene kassa, kva veit vi?
Men mens vi spiste frokost, bestilte vi billettar til Madammen på telefon, 10£ spart per billett, og da vi kom fram, med billett på telefonen, vart vi geleida til VIP inngangen og rett inn utan kø.
Vi rusla ned gjennom Carnabyområdet på jakt etter lunsj, og stakk inn på det vi trudde var ein liten og uunnseeleg indisk kafe, Dishoom. Men der åpna det seg ein stor restaurant som vi seinare fann t var rangert som ein av Londons beste indiske. Og det var det, nydeleg mat og veldig god service.
Og så var det premiere på Suicide squad. Skikkeleg action film med masse ekle skurkar som samarbeida om å redde verda. Her er eg i lag med ein av dei.
På siste kveld i London vart det Frankie og Benny igjen, og vi kunne jo ikkje ha vore i England uten å få oss fish and chips.
Det var faktisk beinfritt og riktig godt.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar