Norwegian var i rute. Det var overraskende god benplass, Tone sov nesten heile veien og Heljar og eg såg film på paddane våre. Gatwick express gjekk ikkje som den skulle, så det vart vanlig trangt somletog til Victoria, og tube til Oxford Circus.
Etter installering var det tid for nytt måltid. Det var både Thai, japansk og italiensk i bygget, men husverten vår anbefalte ein annan japansk, Aqua, i nabolaget, så vi gjekk dit. Stort, mørkt og fancy lokale i 5. etasje. Ikkje forsto vi menyen, og fekk mest lyst å gå igjen. Men etter rettleiing frå servitør om å dele på rettene, endte vi opp med eit nydelig måltid med 4 retter pluss dessert. Vi var ikkje alltid sikker på kva vi åt, men godt var det, og dyrt vart det.
Maten var heldigvis ikkje så levende som det ser ut.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar