Den nærliggande Waterstonebokhandelen såg ikkje stort større ut enn Strax sett frå gata, men innafor opna det seg digre rom og ein stor kjellar. Eg hadde ikkje klart å lese alle bøkene der om eg brukte heile livet. Heljar fann ei bok med Seinfeldttrivia. Etter ein roleg spasertur i nabolaget, gjekk turen til Forbidden Planet, ein spesialbutikk for tegneserier mm, litt drikke på fortauskafe. Så var det endeleg klart for eit av dagend høgdepunkt.
Vi har jo fulgt med på Australia masterchef, og kjenner godt til stjernekokken Heston Blumenthal. På det eksklusive Mandarin Hotel i snobbestrøket Knightbridge, har han ein restaurant: Dinner by heston Blumenthal. Der hadde vi bestilt bord for fleire veker sidan. På TV har Blumenthal briljert med sære nye teknikkar i matlaging. Her hadde han tatt fram eldgamle oppskrifter og tilpassa dei vår tid.
Forretten var ein tomatrett på ein geitostpure.
Hovedretten langtidssteikt buklist frå svin.
Desserten ein komposisjon med iskrem, sorbet mm artistisk presentert.
I vindu bak oss såg vi korleis dei jobba på kjøkenet. Nydeleg måltid, men så pass høg klasse at vi nesten ikkje visste korleis vi skulle oppføre oss. Tre kelnarar kom med maten samtidig til oss så ingen av oss skulle få før den andre. Men ei flott oppleving.
Så vart det tid for besøk i leiligheita og ein liten lur for oss gamle. Det trengte vi. Slike maratondagar som i går kan vi nok ikkje ha kvar dag.
Så rusla vi ned gjennom SoHo og Chinatown mot teateret der det var trylleshow Impossible.
Det var illusjonar med saging av mann i to, utbryting frå handjern i vasstank, tankelesing, korttriks og mykje meir. Veldig underhaldande. Vi fekk utdelt ein konvolutt med 4 bilder av store magikarar. Ei seanse gjekk ut på å blande korta tilfeldig, rive dei i to og så gjennom ein prosess der ei halve vart gøymt bort i baklomma, ei halve bytta med nabo og kort kasta over til rada foran, endte vi opp med eit einaste kort, som viste seg å passe saman med det vi hadde gøymt. Funderer framleis på denne. V er glad det ikkje er vår jobb å rydde oppalt papirrotet på golvet.
Her er Heljar sitt bilde. Sjølv rivemerka passar.
No hadde vi ikkje spist sidan lunsj, så litt mat måtte vi ha etter teateret sjølv om det ikkje var slutt før over 22 om kvelden. Litt og litt fru Blom. På den kinesiske restauranten New China restaurant bestilte vi ein set meny, og dei bar på oss rett etter rett så vi til slutt berre måtte gi opp å få i oss alt, sjølv om ein av rettane var crispi duck med hoisinsaus, nam nam. Alle rettane var forresten svært gode.
Og så vart det ikkje heim igjen og i seng før nærare midnatt denne dagen heller.






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar