mandag 8. august 2016

Mandag 8. august

Vi bestemte oss for å dra til Disneyland. Berre ca 1,5 time frå leiligheita med t-bane og RER tog.



Disneyland har to område, Disney Studio og Disneyland. Vi var meste tida i Disney Studio og var på "tram tour" og såg spesialeffektar med jordskjelv, flom og brann rundt vogna vår. Vi så stuntshow med bilar og motorsyklar, og så var der berg og dalbane mm der også.



Mot slutten av dagen rakk vi ein liten tur innom Disneyworld med Indiana Jones barg og dalbane med loop. Men der er masse ugjort. Hadde vore moro med ein tur med barnebarn der.



Vi har booka leiligheit gjennom airbnb og dei kjem også med nokre aktivvitetstilbod. Vi hadde forhåndsbestilt (og betalt) en kveld med ein kokk. Jean Yves Vuong, opprinneleg frå Vietnam, men i Frankrike sidan han var 9, Han vann masterchef i 2012 og held middagar heime hos seg for små grupper. Denne kvelden var det berre oss tre og eit fantastisk måltid.


Det starta med champagne der han hadde lagt små "perler" i glaset. Disse trakk til seg gass frå champagnen og flaut opp til overflata og vi vart utfordra til å kjenne på smaken. Vi syntes det smakte stikkelbær - ei bær han ikkje hadde hørt om før - men det var litchi. Nydeleg champagne også.


 Så ein forrett med viatnamesisk inspirerte smakar. Det skulle etast først rullen, så agurkblad og mynteblad sammen og så eit blad endeviesalat med innhald. Masse detaljar, mellom anna sesamfrø der halvparten var innsatt med wasabi. Utruleg spennande og godt.


Under måltidet vart vi også sjarmert av den nydelege shi tzu en hans som ikkje ville ligge stille i korga men måtte helse på gjestane.


Nete rett var Raviol - asiatiske ravioli som er større enn dei italienske og laga av rismjøl - med nydeleg fyll med mellom anna reke. Der var også 4 forskjellige asiatiske sopp i tallerkenen og ein luftig og nydeleg saboyonne rundt. Enda eit mesterstykke både i utsjånad og smak.


And som hovedrett med foie de gras og med søtpotetpure og karamellisert ost i den lange stanga og ei kula laga av succhini og egg. Ei fryd for både auge og gane.


Til avslutning ei "makron" med kiwifyll og krem smaksatt med  honningmelon og pasjonsfrukt.

Verten var hyggeleg og det var eit fantastisk måltid som vi alltid vil huske. Dersom vi kjem tilbake til Paris, håper eg han har dette tilbodet. Og for Are må nesten dette vere god nok grunn til å planlegge eit Parisbesøk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar