Så hadde vi nokre timar fram til toget skulle gå. Vi tok ein tur til Tegneseriemuseet som låg nær British museum. Vi gjekk bort, men hadde så god tid at vi tok buss tilbake, sjølv om dei sto nesten stille støtfangar mot støtfangar. Godt å få sette seg ned.
Der er mange tiggarar i London og vi var nok ikkje så gavmilde, men denne kunne ikkje mamma stå seg for der ho sat på hjørnet ved Oxford circus.
St. Pancras International var ein stor stasjon med mange andre baner enn toget til Paris. Til Paris var det ein eigen seksjon med innsjekk minst ein halvtime før avgang, røntgengjennomlysing av bagasje og ein stor ventehall med kafear - nesten flyplassaktig. Togreisa gjekk heilt greitt. Toget var oppe i 337 km/timen, og trær rett ved togen berre flimra forbi, men landskapet lenger unna gjekk jo å sjå på. Det var ein liten kafe i same vogn som oss så Heljar og eg fekk kjøpt oss litt kaffe og sjokolade.
Vi kom til Gare de Nord i Paris litt over halv sju, det tok ca 10 minutt å gå til leiligheita som ligg i ein svært gammal bygård. Vår leiligheit låg i 4. etasje dvs 5. for oss sidan dei kalla nederste etasje for 0.
Heldigvis sa omtalen at der var heis, men vi var nok ikkje heilt forberedt på storleiken av heisa.
Vi sendte koffertane opp med heisen og gjekk sjølve. Seinare sendte vi mamma opp mens Heljar og pappa gjekk.
Leiligheita er nydeleg pussa opp og fullt utstyrt med alt vi treng. Bad med separat kar og dusj, Separat toalett. 2 store soverom med dobbeltseng, godt utstyrt kjøkken (som vi neppe kjem til å bruke mykje).
Rett ned i gata er det ein god restarant som vi gjekk til for eit kveldsmåltid. Okseside mørna i 60 dagar. Godt.
Og så litt lenger nede enda ein restaurant der vi tok oss noke godt å drikke og nøyt ein varm og god julikveld.






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar