tirsdag 9. august 2016

Tirsdag 9.august

I dag tenkte vi gjere litt sightseeing på eiga hand. Vi kom oss jo ikkje opp i Eiffeltårnet etter spaserturen søndag, så i dag skulle det bli. Det går ein buss i nabolaget heilt fram, forbi Opera og dei store varemagasina, så vi tenkte vi skulle få litt sightseeing på veien. Men bussen var nesten full da den kom, berre ståplassar igjen, heile halvtimen fram til tårnet.


Køen foran sikkerheitskontrollen før ein i det heile kom til billettkøen, og den snegla seg av gårde. Mitt anslag var minst 2 timar midt i solsteiken. Så i staden tok vi elvebåt ned Seinen til Notre Dame.
Billettkøen strekker seg fræ kirka, heilt over plassen og tilbake igjen. Vi gjekk vidare til Saint Chapelle som også ligg på same øya midt i Seinen. Det var veldig sterkt anbefalt av guiden vår søndag, skulle ha så fantastiske glassmaleri. Her var det heldigvis nesten ikkje kø.
Tja, var dette noke å skryte av da? Nidarosdomen er da mykje flottare. Bort i hjørnet såg vi ei smal vindeltrapp som folk gjekk opp. Noken tårntur var ikkje vi moa på, men så gjekk vi opp trappa likevel.
Og der var det! Og kvar lita rute fortalte ei lita historie frå bibelen.

Etter ein enkel lunsj
Crocque madam for pappa, grulla smørbrød med skinke ost og speilegg.
Kylling sandwich for Heljar, og løksuppe for mamma.

I guideboka sto det at det var så livleg rundt Pompidousenteret med gateartistar mm.
Der var temmeleg tomt. Berre ein del tegnarar som sat stille på krakkane sine og forgjeves venta på å få tegne noken. Vi rusla litt rundt i strøket, tok oss ein smothie og sette kursen tilbake til leiligheita.

Etter anbefaling i Tripadvisor, hadde vi bestilt bord på Maloka, ein brasiliansk restaurant ein liten spasertur frå leiligheita. Knøtt liten, berre ca 18 plassar og trangt mellom borda. Ingen meny. Du møtte opp og fekk ein full meny som chefen hadde bestemt for denne kvelden. Vi starta med champagne og små bitar med røykt oksekjøt. Så kom søtpotetmouss med kanel, luftig og god.
Så nokre bollar med ost i
Dette  var siste appetizeren, så kom forretten
Røykelaks med tilbehør som eg ikkje heilt fekk med meg forklaringa på.
Hovedretten var eit stykke med ei brasiliansk rotgrønsak som var preparert gjennom to dagar med koking, skjering i skiver, samanklistring; og så ei gryte med bønner og svinesteik - visstnok typisk brasiliansk mat i høve OL. Over det heile var det dryssa oppmalt same rotgrønnsaka.
Til dessert var det steikt ananas og ein iskrem laga på ei brasiliansk frukt/bær som eg ikkje hugser namnet på, men som skulle gi energi.

Heile veien fekk vi entusiastiske forklaringar frå servitør/dagleg leiar. Chefen sto lenger bak i lokalet, fulgte nøye med og smilte når han såg at vi likte maten. For det gjorde vi. Spennande måltid og ein plass vi gjerne kjem tilbake til. Der er alltid fullt og ein må oftast bestille bord lang tid i forveien.

Så runda vi av kvelden ved eit utebord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar