Restauranten i nabobygget er visst redd for at noken skal stjele utebordet deira om natta.
Vi starta som vanlig med frokost på Frankie and Benny. Heljar spiste 3 pannekaker som såg ut og smakte som sveler, med egg og bacon til. Merkelig. Mamma tok omelett. Og oppfinnsomme meg tok engelsk breakfast uten pølse og med ekstra egg - igjen.
Vi hadde kjøpt billettar til musical klokka 1430, og tenkte vi hadde god tid til å besøke Burough market først. Så god tid at vi ville ta buss dit i staden for undergrunn, slik at vi fekk sett litt av byen også. Og såg det gjorde vi, frå andre etasje i ein dobbeldekkar, trafikkork de luks. Det gjekk 2 og ein halv time før vi var framme ved markedet, og da var det berre eit par timar igjen til vi skulle på musical, og vi som hadde tenkt oss lunsj der også. Når vi først var på markdet måtte vi jo sjå oss rundt. Litt krydder kjøpte vi også.
Vi tok ikkje sjansen på lunsj der, men forta oss tilbake til området ved teateret, T-bane denne gang. På TGI var det stappfult og 40 minutt ventetid på mat, men vi fann ein japansk sushirestaurant med slikt transportband som frakta maten framfor oss så det berre var å forsyne seg etter kvart.

Musicalen var Book of mormon, laga av folka bak South Park. Heilt respektlaust, til dels svært morsomt men kanskje ikkje den største musikalske opplevinga.
Og så hadde vi booka omvising på Meantime brewery klokka 19. Bryggeriet låg heilt ute i Greenwich (er det noken som forstår samanhengen med namnet - hint GMT) og vi visste ikkje heilt kor lang tid det ville ta å reise dit. Ikkje tid til besøk i leligheit og ettermiddagslur for gamle folk. Og no fekk vi testa undergrunnsbana i rushtid.
Det spelte inga rolle om du nådde fram til eit handtak å støtte deg til. Du sto så tett at det var ikkje mogleg å dette.
Bryggeribesøket var hyggeleg nok. Meantime var englands første "craft beer" produsent med ein entusiastisk grunnleggar utdanna frå både Tyskland og USA. Men etter kvart var grunnleggaren ute av bildet og firmaet overtatt av bryggeristorindustrien. Vi fekk servert 5-6 forskjellige øl med vanleg melkeglassdose for kvart øl. Forelesaren drakk i lag med oss og stemninga vart stadig meir jovial. Ølet var godt nok det, men litt preglaust, lite forskjell på London Ale og London Lager mellom anna. Svein brygger meir spennande øl.
På stasjonen North Greenwick oppdaga vi at det var kome ei ny taubane over Themsen. Siste vogn skulle gå klokka 21, så vi droppa omvisinga mellom kar og rør i sjølve bryggeriet og skunda oss tilbake for å nå siste tur. Det var verdt det.
Flott utsikt over Themsen og London i skumringa, mens vogna svaia lett i vinden. Absolutt noke å få med seg for andre på ein Londontur. Men det førte til komplikasjonar for reisa tilbake. Vi tok DLR toget, som er det nye førarlause toget i dei austlege delane av London, men på endehaldeplassen rota og leitte vi veldig før vi fann vanleg t-banestasjon, og vi var ikkje tilbake ved Oxford cirkus før ca 2230. Vi var redde for at siste sjane til kveldsmat/middag var gått frå oss, men rett ved oppgangen frå t-bana var der ein Angus steakhouse og kvelden var redda.
Det var ein trøtt gjeng, i alle fall dei to eldste, som stupte inn dørene klokka 2330, og rett i seng.






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar