tirsdag 2. august 2016

Tirsdag 2. august

Der er eit flott kjøkken i leiligheita, men vi har ikkje planlagt å bruke det så myke.  På ferie i England må Ottar ha engelsk breakfast. Det fann vi på ein Frankie and Benny amerikansk italiensk restaurant i nabolaget.  Heljar tok egg benedict og Tone brushetta. Så var det klart for rulling. 16000 skritt vart det, kjøp av musicalbillettar, sixpence (80 pund), leiting etter butikk der Heljar kunne få kjøpt nye hodetelefoner. Alt mens det tok til å regne. Først litt dusk, så meir og meir til vi til slutt tok tbane berre ein stasjon, berre for å komme ut av regnet.
Tilbake i leiligheita var eg så våt at eg skifta klær frå innerst til ytterst.

Så tid for studiebesøk.  Warner Brother's ligg ikkje akkurat midt i byen. Med først til bane så tog og så buss, tar det over ein time å reise. Vi hadde planlagt god tid og tok ein diger og billig lunsj på ein pub, The Flag, ved jernbanestasjonen.

 Vi var framme ved studio ca halv fem, og først ein time seinare var vi gjennom dørene til sjølve utstillinga.

Utstillinga var veldig flott, masse spennende å sjå på, men butterbeer er oppskrytt.



 Tilbake i byen ca 9, ein god pizza i restauranten i gata, og så trøtte og slitne tidleg til sengs.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar