mandag 8. august 2016

Søndag 8. august

Vi hadde sjekka Tripadvisor på forhånd. Wego guided tours er rangert som den beste guida spaserturen i Paris. Vi tenkte det kunne vere ein god start på Parisbesøket, søndag morgen klokka 9. Søndag morgen føltes det ikkje som ein like god ide når tida gjekk frå oss og vi ikkje rakk å finne ein restaurant å spise frokost på i tide. Notre Dame ligg på Ile de Cite, så vi tok t-bane dit. Etter å ha rota med retninga frå t-bana til katedralen, fann vi til slutt kirka, pg rakk akkurat å kjøpe eit par baguettar og eit par flasker vatn å ha i sekken.



Og det var det behov for. Dette vart sommarens varmaste dag i Paris, sol frå klar og skyfri himmel og 29 grader er jo ønskevær for sommarferie. Men ikkje når du skal gå på tur i 3 og ein halv time, 6 kilometer i bygater og lite skygge. Guiden heitte Paul og var vel amerikanar opprinneleg, men no Parispatriot så god som noken, med sprudlande entusiasme og god fortellarevne. Turen førte oss til delar av Paris der Tone og eg ikkje har vore før også. Turen var ein flott tur, men etter framkomsten var dei to gamle så slitne så slitne. Turen slutta ved Eiffeltårnet, og det hadde vi jo egentleg tenkt å besøke, men det vart å gå rett på kafe for ein god lunsj, Heljar med nydeleg and, og Tone og Ottar carpaccio, og så tilbake til leiligheita for å roe ned resten av dagen.


Om kvelden gjekk vi oppover mot Sacre coer kirka på Montmartre. Den ligg ein halvtimes spasertur frå leiligheita vår.


På Place du Tertre rett ved kirka, er det masse malarar som sit ved staffelia sine, massa turistar og mange restaurantar. Her tok vi kveldsmaten.


Vi tok ein treretters "set menu" og starta med fiskesuppe. Det var ingen god ide. Eg fann ingen fiskebitar i suppa. Smaken var OK, men porsjonen var alt for diger og suppa var såå mettande og som veloppdragne nordmenn så ville vi ikkje sende tilbake halvspiste porsjonar. Heljar og mamma spiste entrecote mens eg tok andelår. God OK mat.




Når vi kom til dessert, måtte mamma berre melde pass. Det var ikkje plass til meir. Og vi rusla alle overmette tilbake til leiligheita.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar