tirsdag 2. august 2016

Tirsdag 2. august

Der er eit flott kjøkken i leiligheita, men vi har ikkje planlagt å bruke det så myke.  På ferie i England må Ottar ha engelsk breakfast. Det fann vi på ein Frankie and Benny amerikansk italiensk restaurant i nabolaget.  Heljar tok egg benedict og Tone brushetta. Så var det klart for rulling. 16000 skritt vart det, kjøp av musicalbillettar, sixpence (80 pund), leiting etter butikk der Heljar kunne få kjøpt nye hodetelefoner. Alt mens det tok til å regne. Først litt dusk, så meir og meir til vi til slutt tok tbane berre ein stasjon, berre for å komme ut av regnet.
Tilbake i leiligheita var eg så våt at eg skifta klær frå innerst til ytterst.

Så tid for studiebesøk.  Warner Brother's ligg ikkje akkurat midt i byen. Med først til bane så tog og så buss, tar det over ein time å reise. Vi hadde planlagt god tid og tok ein diger og billig lunsj på ein pub, The Flag, ved jernbanestasjonen.

 Vi var framme ved studio ca halv fem, og først ein time seinare var vi gjennom dørene til sjølve utstillinga.

Utstillinga var veldig flott, masse spennende å sjå på, men butterbeer er oppskrytt.



 Tilbake i byen ca 9, ein god pizza i restauranten i gata, og så trøtte og slitne tidleg til sengs.


Mandag 1 august

Endeleg ferie. Vi har pakka eit par dager alt. Sjølv om Yaris vart levert på verksted i Ulsteinvik, ei sjukmelding måtte hentet og leverast og Lotta leverast til Marte, så var vi tidleg klare og for til Marie for å hjelpe med ungepass mens dei pakka til sin ferie. Vi kom oss av gårde med 1225 båten, ein time før planlagt, og hadde god tid til eit første måltid på O'Learys. Nydelige hamburgarar til Tone og Ottar og tre forskjellige spareribs til Heljar. Brooklyn lager på fat hadde dei også.

Norwegian var i rute. Det var overraskende god benplass, Tone sov nesten heile veien og Heljar og eg såg film på paddane våre. Gatwick express gjekk ikkje som den skulle, så det vart vanlig trangt somletog til Victoria, og tube til Oxford Circus.

Etter installering var det tid for nytt måltid. Det var både Thai,  japansk og italiensk i bygget, men husverten vår anbefalte ein annan japansk, Aqua, i nabolaget, så vi gjekk dit. Stort, mørkt og fancy lokale i 5. etasje. Ikkje forsto vi menyen, og fekk mest lyst å gå igjen. Men etter rettleiing frå servitør om å dele på rettene, endte vi opp med eit nydelig måltid med 4 retter pluss dessert. Vi var ikkje alltid sikker på kva vi åt, men godt var det, og dyrt vart det.
Maten var heldigvis ikkje så levende som det ser ut.